Tysdag 4.2. arrangerte vi Skape-kveld på Meieriet i Sogndal. Det blei informert om Skape, kommande aktivitetar utover våren, og ikkje minst gjennomførte Idespretten ein idekonkurranse. Idespretten er ein ny studentorganisasjon i Sogndal, og dei jobbar med å utvikle ein innovasjons- og entreprenørskapskultur blant studentane på HVL i Sogndal. HVL Skape og Idespretten samarbeider tett.
Tusen takk til alle som deltok på den første Skape-kvelden i Sogndal!